Vingarden på Jølst, Jølstravegen 2380

Ope gardsutsal kvar torsdag kl 16-18

Arrangement

Konsertar, vinslepp, og andre gleder gjennom heile året
Concerts, wine launches and other delights throughout the year

Fruktvinen

Vestlandet i eit glas, med alt sitt særpreg
Svalt og intenst
Leikande lett og grav alvorleg
Frå lyse sommardagar til hustrig haust,
Blåfrosen vinter og struttande vår
Ekte i alle sine uttrykk

Produkt >

Kvar med sin eigenart

Fordi ingen kan vinne på å vere nokon annan

Vingarden på Jølst

Vestavin er i ferd med å gjere eit nedlagt småbruk i solrike bakkar over Jølstravatnet om til Vingarden på Jølst.

Gjennom året er gardsutsalet ope kl 16-18, det er ope for gruppebestillingar, og stadig dukkar det opp eitt og anna arrangement, som konsert, pop-up restaurant, vinslepp eller juleopen vingard.

Samstundes går ferda frå eit nedlagt småbruk med hol i dei fleste tak til ein unik fruktvingard sakte framover. Og utsikta, den er berre uslåeleg! Les meir >

Draumen

Det starta berrføtt i hagen med solbærsaft på fingrane. I potetkjellaren, mellom aromaeple i kassar og kålrot i mose. Det starta ved saftkokaren til mor mi og på far min sine godt løynde multemyrer. Så kom spørsmålet: Kva meir kan det bli?

Les meir om draumen >