Draumen

Kva meir kan det bli?

Det står der og veks, men ingen ser ut til å bry seg. Rips, solbær, nype, rognebær og rabarbra. Anonyme aroniahekkar i kilometervis, krekling, blomar og ville vekstar. Finst det ein måte å utnytte det? Løfte og foredle det? Kanskje få i gang ei heilt ny næring, berre ut frå å spele opp det vi allereie har? Kan fruktvin vere ei løysing? Kva er fruktvin, eigentleg, og er det godt?

Dette var tankerekka som i 2014 gav startgneisten til det som i dag er Vestavin. Camilla fekk tak i boka Vinlegging for nybegynnere hos tante Kari, skaffa nokre små glasballongar og nokre plastkanner og sette i gang. Trampa nypene med brødpose på foten. Dei første vinane hadde 14 prosent alkohol eller meir, med tydeleg syre og restsødme til å balansere det ut. Heilt etter boka.

I åra som følgde kom fleire råvarer og utprøving av lette, knusktørre vinar i gang. Spørsmålet kva meir som kan bli til, kva som er mogleg, er langt frå utforska. For kvar nye råvare viser eit heilt landskap av moglegheiter seg. Sortar, blandingar, gjærsortar, teknikkar, temperaturar og lagringsmåtar. Det er ei heilt ny verd.

Draumen, med stor D, er å vere blant dei som etablerer ei ny, naturnær næring. Bygge verdi ut frå det som vert oversett, lage gull av gråstein. Finne nye måtar å spele på lag med klima og natur og slutte å gå over bekken etter vatn. Eller vin.