Vingarden på Jølst

Fruktvingard under oppbygging

Juli 2021 kjøpte Camilla det nedlagte småbruket «Ystebakken» på Årdalsbakke på Jølster. Eit knapt år etter, sommaren 2022 opna Vingarden på Jølst dørene for første gong, med omvisingar og smakingar på ein vingard under oppbygging.

Nokre plantar har komme i jorda, både aronia, rabarbra, solbær, rips, stikkelsbær, jostabær, kirsebær, plommer og eple. Etter som månadane og åra går, vil fleire følgje etter, og målet er å fylle heile garden med ymse råvarer som trivst i det vestlandske klimaet.

Ein eigen produksjon av råvarer opnar dørene for ein eigen produksjon av fruktvin på garden, og så fort varene frå denne produksjonen er klare, vil det vere mogleg å kjøpe med seg flasker med Vestavin direkte frå Vingarden på Jølst.

Hausten 2023

Frå 1. september held Vingarden på Jølst ope gardsutsal kvar torsdag frå 16-18.

Grupper

Utanom faste opningstider er det ope for gruppebestillingar på Vingarden på Jølst.

Om det er ønske om vinsmaking, omvising, vinkurs, matservering, tilrettelegging for møte/seminar, utdrikkingslag, julebord eller anna, er det alltid lov å spørje! Alt er under oppbygging og med gode samarbeidspartar i nærområdet er det meste mogleg.

Korleis komme seg til Vingarden på Jølst

Vingarden på Jølst er å finne på adresse Jølstravegen 2380, langs E39 på nordsida av Jølstravatnet. Vingarden ligg 10 min med bil frå Skei i aust og 15 minutt frå Vassenden i vest. Frå Førde er det ein køyretur på ca 35 minutt.

For dei som ønsker å reise kollektivt, er buss alternativet. Næraste busstopp heiter Ytre Årdal, og ligg like nedanfor Vingarden. Sjå kringom.no for oversikt over avgangar som kan passe for deg.