Fruktvin frå fjord og fjell
Kva meir er mogleg å få til med alt som veks og trivst akkurat her?
På Vingarden på Jølst vert vestlandske råvarer skapt om til unike fruktvinar i moderne vinstilar, og eit nedlagt småbruk om til ein særeigen vestnorsk fruktvingard.
Dei solrike bakkane er bratte, men utsikta er verdt det.
Opplev Vingarden på Jølst
Gjennom heile året er det ope for gruppebestillingar. Vingarden på Jølst tilbyr omvising med smaking, måltid, møtefasilitetar og enkel overnatting.
Det er per no ikkje ope gardsutsal.
Prisar
Omvising med smaking:
Grunnpris 1900 + 450 kr/pers
Måltid:
Gulrot-, appelsin- og linsesuppe med heimebaka brød – 220 kr/ pers
Gryte med hjort og vin, servert med potetstappe – 285 kr/pers
Arrangement
Fruktvinen
Vestlandet i eit glas, med alt sitt særpreg
Svalt og intenst
Leikande lett og grav alvorleg
Frå lyse sommardagar til hustrig haust,
Blåfrosen vinter og struttande vår
Ekte i alle sine uttrykk

