Vesle Lerka

Og vesle lerka, ho hev det slik,
at finn ho ei solstråle so ver ho rik.
Då stig ho i høgdi og trallar i lit
Til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
– Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti!

– Per Sivle, 1857-1904

Den glade lerka flyg fritt over hovuda vore, uberørt av alle våre små og store vanskar. Kva meir passande namn kan ein finne på alkoholfrie drikkar?

Same om du må køyre heim, har nytt liv i magen, eller av kva som helst annan grunn vel å ikkje drikke alkohol, skal du finne noko godt i glaset her. Naturlege, vestlandske råvarer, ekte, spennande smakar og jordnær handverksproduksjon gjev deg nye strengar å spele på, om du vil finne drikke til maten, til kosekvelden eller ei gåve til ein venn.

Alkoholfrie produkt frå Vestavin er under utarbeiding, med råvarer som rabarbra, rognebær, plomme rips og solbær.

Meir informasjon om produkt og kvar du kan kjøpe dei kjem etter kvart som det blir klart.