Produkt

Her er oversikta over dei produkta frå Vestavin og Vesle Lerka som er tilgjengelege no. For å sjå kva som finst på Vinmonopolet, kva ein kan kjøpe i utsalet på Vingarden på Jølst og kva som er tilgjengeleg for HORECA – aktørar med fast skjenkeløyve, klikk på kategoriane over produktvisninga.

Spørsmål om konkrete produkt? Ta kontakt på camilla@vestavin.no

Vestavin og Vesle Lerka, i alle sine nyansar, fangar opp detaljane i det vestlandske landskapet

Tanken bak: Fruktvin av vestlandske råvarer

Rips, solbær, plomme og rabarbra. Krekling, honning, blomar og ville vekstar. Vestavin lagar fruktvin av eit mangfald av dei råvarene som veks og trivst i det vestlandske klimaet.

Det handlar om å utforske og å spele på styrkene vi har, løfte fram kvalitetane som finst og utnytte ressursane som er tilgjengelege.

Vestavin jobbar med produktutvikling ut frå enkle prinsipp. Kvar råvare må få komme til sin rett, og stille sine spesifikke krav til vinmakinga. Somme tider passar det då å sjå til ulike delar av den vide vinverda, somme tider kan ein hente inspirasjon frå sider, og andre gongar er den beste framgangsmåten å finne i kjellarar der det har vore laga fruktvinar i vel hundre år.

Somme tider må ein berre prøve seg fram, legge etablerte sanningar til sides og sjå kva som faktisk skjer. Det meste er uprøvd.